04 september 2007

isglem held fram på si krikskonsertferd


idag vitja me boltås og grov skular - framleis i sørtroms. greie ungar som hadde laga fine tegningar på begge skulane. her er me på sistnemde skule, har nettopp avslutta konserten og grunnen til at me begge har kyssetrut er at me laga ein skikkeleg kyssenussesang ut frå eit bilde med svært mange hjarte i alle slags fargar. dette innlegget må seiast å vera historisk og er ein forsmak på at eg no kan laga ein slags turneblogg også, på desse sidene - der bilder av galskapen vert lagt ut.
det blir jo eindel turnedagar - og eg skal ikkje stikka under ein stol at eg treng litt dokumentasjon for å hugsa kvar eg var når. kvar eg spelte og så videre. blogg er ein fin ting slik. no får me sjå korleis dette blir. eg trykker publiser innlegg no