03 september 2007

mot midnatt i harstad

eg høyrer ferja brumma svakt frå kaien utanfor hotellet etter ein lang dag der grytøy og bjarkøy - sistnemde ein av dei minste kommunane i landet, vart vitja. isglem er på farten igjen. på veggen på NORCD kontoret heng eit DN-intervju med meg i samband med ti-års jubileumet til plateselskapet. der står det at eg då hadde 1169 konsertar for rikskonsertane. det var i 2001. sidan den gong har eg ikkje laga oversikt - men det er nærmar seg kanskje tusen konsertar til på desse åra? må finna ut det.
det er og skulle vera muleg. me har jo tjue-års jubileum iår - og kommande helg skal me til bergen og ha to konsertar. der det heile starta. gledar meg til det. akkurat no gledar eg meg mest til å legga meg. eg kjenner at eg treng det mot midnatt i harstad