02 september 2007

ja eg har hausta

to svære feite squash frå hagen
har to planter som gjev grøne squash og ei plante som gjev mindre gule
eg har også kvann. den likar regn. det kjem tydeleg fram etter denne sommaren
og urtebedet mitt bugnar av timian, mynte, estragon, rosmarin, sitronmelisse,
graslauk, oregano, sitrontimian og knalloransj blomkarse
potetriset tørkar inn, eg veit ikkje kva som skjer der? den eine tomatplanta kjem
med fin avling, den andre har eg ikkje stelt
solbærtreet og stikkelsbærtreet har hatt sine bær til liks med jordbæra
og iår blir det nok laga plomme-likør - når eg berre får gjort unna
skulekonsertane i Harstad by dei neste fjorten dagane - og kan
komma meg heim att. det blir ei travel tid no fram til november
slik skal det vera
urtene og hagen står
sjølv om eg no vender ryggen til det heile