06 september 2007

elefantar kjem og går

ikkje så mykje å seia om dette anna enn at turneen går sin gang. spelferd. det er det det er. eit mykje betre ord enn turne. elefantar kjem og går. idag dukka det opp ein av dette slaget. det er slåande kvar gong på desse spelferdene kor ulik stemning det er på dei ulike skulane. den første konserten idag har eg alt fortrengt kvar var. stemningen på den skulen var ikkje av den beste. men elefantar hadde dei. og flotte tegningar. så drog me til sandstrand. der vart me møtt med positiv energi frå første stund. opne folk, positive vaksne gjev positive elevar. me fekk til noko fint der. det eg vil kalla ein fin konsert.
imorgon har me litt av eit løp, race, eller køyr eller kva det no heiter. me skal ha unna to konsertar før flyet til oslo-bergen går klokka elleve. isglem får nok til det også. i bergen skal me feira våre tjue år som duo - som tidlegare nemnt. mine kjære jenter kjem også dit. dei gledar seg til plasking i det vesle bassenget på hotell norge. alle har sine gleder. og godt er det.