05 september 2007

ei flygande kyr


lydane som kom ut av instrumenta til terje isungset og karl seglem når duoen sette musikk til dette bildet idag, på vik skule i kvæfjord i troms fylke, kan ikkje forklarast her. det er uråd. at det let noko spesielt er me samde om. me fekk servert ein heil haug med fantastisk flotte teikningar. store og med eitt tema - slik at det var råd å gjera noko ut av dei. spela dei. elevar og lærarar var heilt med og ei fin stund var det.
terje slit litt med ryggen sin - det kan vera at tjue års jubileumet tek på. han har jo slege nokon slag desse åra, og bore nokon kilo med trommer og andre koffertar full av unevnelege ting som stein, trepinnar og is. me skal til bergen og spela kommande helg. det gler eg meg til. sjekk den fantastiske tegningen av ei flygande eller muligens springande ku - diverre utan isglem lyd