16 juli 2006

malmfuru

er utegolvets rolls råiis :-) har eg lese ein stad. i ettermiddag, ja nærast godt utpå kvelden starta eg leggingen av mitt utegolv oppe i hjørnet av den store hagen her. har styra på i heile vår med utgravningar i hard leirjord, støyperøyr, støyp, avretta og gravd igjen, kjøpt dragarar og stolpesko og måta det til etter beste evne. du kan komma å legga vateren på golvet om du er av den typen som tvilar på at ein mann som meg kan klara dette uten å ha mange års utdanning i slikt arbeid. ein annan sak som no blir svært spennande er å sjå kva vinteren kan øydelegga - altså om utegolvet er i vater neste år på denne tid. tida vil visa. malmfuru ja. det måtte bli det. eg har ikkje tru på at gifta i impregnert materiale er vekke. det kan ikkje vera sunt med grøn plank. det seier seg sjølv. iallfall ikkje når ein skal trø på den - helst barbeint. eg har ei fantatisk svigermor som ordna bestillinga av malmfuru frå eit sagbruk på sørlandet. ho ordna tilogmed transport og no ligg planken i hagen. det er 28mm tjukt og har to variable breiddar på 90 og 70mm. eg legg dei annankvar. blir meir levande slik. utepeisen eg har murt skal også snart takast i bruk. det blir nok når me går inn i favorittmånaden min august. eg gledar meg til å trø på malmfuru i den grøderike månad. den luktar godt kan du tru, kjerneved frå seintveksande furu skal det vera. nokre av borda er veldig vakre og raudletne. fine saker. fine saker. eg kom litt avgårde ikveld og tirsdag blir vel dagen for å ferdigstilla verket. då blir det dans.