13 juli 2006

juli, og det er ikkje anna å skriva

enn at det er fasinerande å komma att til oslo etter å ha vore på vestlandet i over tre veker. nei nøyaktig tre veker.
lyset her. den sterke grøda. urtebedet mitt her på sinsen er ein oase sammanlikna med dei små kvastane som sakte strekk seg mot det vesle lyset som klarar å kara seg ned fjellsidene i løpet av nokre veker. idag var det femten grader og lett regn når me drog. her i oslo var det 24 grader og eit blendande blågult lys inn stova på sinsentoppen :-)
gildt. norge er eit mangfaldig land. visste du ikkje det?