10 mai 2006

Norge er ingen kulturnasjon

og det kjem eg til å skriva om att og om att til eg døyr.i eit av verdas rikaste land med høve til å støtta opp om kunstnarar som driv med viktige ting finst det ingen kulturpolitikk. kunstnarorganisasjonane klarar ikkje å løfta og drøfta meiningsberande idéar om kva som er ein kunstnar sin plass, eller med klåre standpunkt støtta opp om det arbeidet mange kunstnarar gjer. organisasjonane er i ferd med å dukka under for populistiske fraksjonar innanfrå. fraksjonar på full fart til å pulverisera det som er av breidde og mangfald i norsk kunst. grunnen til at norge får fram unike kunstnarar - i alle sjangerar.
norske kunstnarar blir respektlaust behandla. heile tid. i desse dagar klattar ein ut nokre få tusen her og nokre få tusen der til folk frå fjern og nær - heilt utan mål og meining. listene over statens kunstnarstipend er begredeleg lesning. det er rett og slett trist. og syner nettopp og igjen, at Norge ikkje er nokon kulturnasjon. listene viser nettopp kor svake kunstnarorganisasjonane er i ferd med å bli. dei sagar over greina dei sit på. Eg seier med Jon Fosse: "Kva er det med Norge? Alt skal vere for alle. Snart blir det ingen ting igjen til nokon".