12 september 2013

Berlindagar

å kjenna at ein kjem inn i rytmen. rytmen av arbeid. i våre dagar handlar det mykje om å sitta framføre macskjermane og produsere. kva ein produserer er kanskje tilsynelatande det samme? meir stoff som tekst, bilder, filmar og lyd som ein så publiserer på verdsveven og kjensla av å ha arbeida, gjort noko, kjem. ein blir nøgd. er det slik? vil færre av oss, på sikt, ikkje vera i stand til å utføra fysisk meir krevande arbeid enn det å skriva på ei datamaskin? vi stivnar her i skrivestilling. blir det einaste vi er i stand til. produsere meir av det det allereie finst for mykje av. i haust skal eg gje ut eit nytt cd og lp album. det har krevd fysisk aktivitet av anna slag. men under sluttarbeidet med musikken har eg tenkt at det ikkje er særs mange grunnar til fylla kloden med meir lyd som allereie finst. min lyd må og skal ikkje finnast her frå før. det må vera ein god grunn til å gje ut NyeSongar.no. for eg kjenner at eg har fått til det - på store deler av innspelinga. det er ingen andre på kloden som lagar den lyden. det er ikkje det. lyden av fire menn som spelar mine og deira eigne songar. slikt er fint å tenka på her eg travar rundt i berlin frå stad til stad for så å setta meg ned å fikla med eit tastatur og glo inn i skjermen på ein mac. eg har sjølv valgt det og berlin er slett ingen utriveleg stad å gjera dette. eg gler meg til å kjenna rytmen i arbeidet dei kommande vekene.