18 april 2013

blogg

eg trykker "spel" Paul Buchanan´s siste album Mid-Air for tredje gang ikveld. må ha lyd her akkurat no. han syng så bra den mannen. det er ikkje oppløftande. ikkje i det heile. det har songen hans aldri vore. og godt er det. tru det eller ei.
er det vanleg at mange? skriv fleire bloggar om ulike ting? burde eg hatt ein eigen musikkblogg, ein poesiblogg, ein matblogg og ein hageblogg? dela liv og gjeremål opp i tema? mange som driv med det kanskje. eg veit ikkje. eg les ikkje så mange bloggar men eg kom på denne tanken nett no etter å ha lese jørgen leth sitt siste innlegg på sin blogg (som eg følgjer). det er "lenge" sidan han skreiv no. eg kjem i tankar om kvar han her og kva han gjer. korleis det går med han. som om eg kjenner han og det gjer eg ikkje. han skulle til haiti igjen. han må dit. eg håpar det går fint med han. at han ikkje døyr. enno. det er mange som døyr og oftare folk ein kjenner. igår døde ein musikar. eg kjente ikkje han godt men eg tenkjer på at han er død no. nokre veker etter at eg høyrde han spela på bassen sin i bergen. det er forgjengeleg og kort dette livet. me er støvdottar på eit sandkorn eller eit eller anna anna patetisk bilde.
"please put out the lights. here are nowone left alive"