06 april 2013

aprilsnø

igår køyrde eg langs fjordane her vest i skarpt solskin på ein klår kald aprildag. det var ein fin tur. eg blir aldri lei av å reisa her. her i dette landet. igår stogga eg og tok bilde av heimbygda tilogmed. og tenkte på det at eg har vakse opp akkurat her. i ei trygg tid og i eit trygt samfunn. alt endrar seg. alt er endra. alt er annsleis. det er livet. livet er endring og kunsten er å sjå meir framover enn bakover, trur eg. då blir ting skapt. ting gjort. det å komma til komponisthuset om ikkje meir enn ei natt, gjer meg godt. men det er også litt frustrerande og tankevekkande. kvifor er eg ikkje her i dette skaperommet oftare? prioriterer det? eg kjenner at her ligg ei kraft eg kan kobla meg på. skapa nytt. og så lurer eg på kvifor det er slik akkurat her? er det fordi eg har skapt så mykje her tidlegare og hatt så mange fine dagar, månader og år her? eller er det barndomen og ungdomen som dukkar opp og tenner denne gneisten: "eg skal visa dei, eg skal jaggu fan visa dei"  eg smiler litt og eg kan fella ei tåre. kjenslene er så mange her.
eg vakna av ein fugl som kvitra høgt, kikte ut, det snøa. små snøflak lett i lufta og så den fuglen som kvitra og kvitra. intenst. det var eit av desse paradoksale lydbilda eg elskar. no skin sola igjen og dei få fillene som kom er smelta. eg skal setta meg i ein bil og køyra til oslo att. til nye gjeremål som ventar. nye konsertar, nye tonar der framme -