27 juni 2013

sommaren

det tek tid å forstå at det er sommar. kvart år. eller forstå? kjenna etter og erkjenna at det er sommar kanskje. reint fysisk kjenner eg det nederst i låra etter to bratte turar i løpet av dei fem første dagane her i vestlandshuset ved elvi. å komma til bøttejuv var ei stor oppleving. ein ser rett inn i hurrungane frå vest. skylaget skifta men både ringstind og storen glimta fram. for eit fjellmassiv. bøttejuv ligg på 1308 moh. ein gigantisk varde er sett opp der - og utsynet ned til øvre årdal og årdalsvatnet er imponerande. på høg tid at eg kom meg dit. det er vel ikkje mange stader her der ein kan gå rett opp i slik høgde - vill natur. få smak av jotunheimen. her nede mellom fjella krev eit hus og ein hage sitt. det er terapi å rota rundt med jord, stein og tre. ymse variantar og planar. grilling kvar dag og vitjingar av mor, brødre, søstre og kjenningar i eigen Haspa Bar. planane om ny overnatting på løst ligg føre idag men det er avhengig av at eit helikopter kjem og løftar kledningsmaterialen til fjells. førebels er ingen rotorlyd å høyra -