02 april 2013

brot

idag fekk eg konstatert at eg har hatt eit brot i overarmen. det har eg gått med sidan januar. nokså nøyaktig to månader sidan eg datt på ski i gausdal i desse dagar ja. det har jo vorte mykje betre så eg har tenkt som så at det blir bra. det hadde visst grodd riktig men det er noko som er laust. så no blir det vel å bruka tida på venterom framover? tenkjer på det å vera så heldig å vera frisk, ved god helse som det heiter. setta pris på det. brotet er så høgt oppe at dei ikkje hadde gipsa uansett. så då så. eg har spelt sax og holdt på. gått lange turar på ski tilogmed. ikkje heilt til å tru. hadde vel ikkje gjort det om eg visste at det var brot. kryssar fingrane fro framleis god helse. at det gror. alt.