27 august 2012

augustgrøde

august bugnar og det blir eindel squash ja. eller zuccini som det heiter på fint italiensk. igår prøvde eg å fritere dei. laga først ei klissete røre av glutenfritt mjøl og heineken pils! skar litt tjukke skiver og fekk lagt eit tynt lag av den guggen på kvar side som eg så putta i ei steikepanne med rimeleg mykje rapsolje i. litt salt og pepar på. det vart kjempegodt. squashen smakte nesten banan inni der..
herleg kveldsmåltid etter "berre" å ha ete kreolsk fiskesuppe tidleg ettermiddag. eg har opna sterkt etter sommaren som i liten grad var prega av ferie. boka som eg les: "Hvarför håller man på?" av ein svensk forfattar ligg og lyser på pulten - og eg spør meg sjølv stadig vekk.