me er i mars
alle som ein, iallfall på den vestlege halvkule. februar var kald og kjendest lenger enn sine tjueåtte dagar. alle med minusgrader og snø, snø snø. sikkert derfor det vart så lite skrift. her. meir skrift andre stader, no er mars her og me ser berr asfalt for første gang på lenge. det verste er at vi blir glade for det. då må det ha lege snø ei stund. eg skal snart til berlin by. og eg er veldig igang med ei ny innspeling. har forsåvidt vore det lenge men det intensiverar seg no - eg håpar å komma i mål snart. og håpar helsa til lydsjef skår held seg eller kjem seg er det vel rett å seia. det er ikkje enkelt. sjølv prøver eg å få litt rørsle for kroppen men er ikkje flink nok. i berlin er det flatt så der kan eg gå litt. har eg tenkt og skal eg. ellers skal eg skriva. og kvar dag skal eg skriva her. det må vera eit mål. avtale?
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home