Jazzbukk
Pledge JazzBukk her
Eg har starta prosjektet Jazzbukk både for å skapa blæst rundt bukkehornet og musikken min, og for få direkte tilbakemeldingar frå alle de som tidlegare har støtta meg i det eg driv med som musikar, komponist, poet, og som BukkehornMaestro. JazzBukk er eit rimeleg vilt prosjekt, og eg er spent på reaksjonane, støtten.
Hovudmålet med JazzBukk: A) Sørga for at tilgangen på større bukkehorn til instrumentmaking blir oppretthalden i framtida. B) At fleire kan og vil læra seg å laga bukkehorn og spela på dei. C) Større fokus på den historiske ressursen geit og geitehald er i Norge, også i matvegen. Ved å støtta JazzBukk er du med og betalar geitebonden Jostein Kvåle det det kostar å fø to geitebukkar (Buster og Jazz) til horna er store, omlag 5 år.
8.oktober 2015 lanserer eg tre album samme dag: BukkehornCD´en Lærad (The Tree), Jazzkvartettalbumet Live in Germany, og samleplata WorldJazz. Eg feirar på denne måten 30 år som frilansmusiker (og Lærad er CD nr.30). Du er den første som får høve til å bestille og høyra dei, ved å vera med på JazzBukk.
I det eg har kalla JazzBukkBox samlar eg desse tre albuma, som eg også tilbyr i ein Premium variant (med signerte ex.og dvd). Boxen er kun med i Jazzbukk og vil ikkje bli lagt ut for salg andre stader.
NORCD startar utsendinga av JazzBukkBox og dei andre eksklusivitetane seinast 15.september 2015 - under forutsetning av at Jazzbukk blir fullfinansiert. Pengane blir ikkje overført prosjektet før målet er nådd.
Send gjerne direkte spørsmål! Kommenter!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home