poesien
eg står ved kjøkenbenken ein laurdagskveld. skal laga mat til meg sjølv. har komme frå tyskland og taco er ikkje favoritt. dessutan har jentene allereie ete. i sekken har eg nyinnkjøpt poesibok. framleis har bokhandelen på Kastrup eit par av dei - men den er heilt på nedad. eg opnar den og les: A lie has many variations, the truth none. afrikansk ordspråk. så tenkjer eg at eg kan lesa boka medan eg lagar mat her. ståande. la meg inspirere av den som ei kokebok. kva mat blir det då tru?
legg kyllingfiletane på eit fat og heller litt fin olivenolje, krystar ein halv sitron, havsalt, karri, litt sukker over. romtemp. må ligga litt. det første diktet heiter et sted i verden. det er fint. diktet. eg finn skjæreføl og nokre sjallottløk. tre raude chili. tek ferdigkjøpt tsatziki ut av kjøleskap. eg er svolten. men eg skal ikkje laga, steika kyllingen heilt enno. det andre diktet som er fleire heiter sådan1 sådan2 sådan3 sådan4. eg heller ein slant raudvin i eit glas. stod frå torsdagkveld før eg reiste sørover. eg har komme til side 30. "Man skal bruge lidt tid. Man skal samle litt mod. Til aldrig at gå på kompromis." står det. blir det mat av dette? kor lang tid har det gått?ein time no. vinen smakte godt. tacokjøttdeigen som står att i panna her smakar veldig salt. krise. eg har hakka chili og løk. les eit dikt eller tre til. berre ikkje poesiboki får for mange matflekkar. nokre kan den jo få. slik blir den meir levande. eg hakkar cashew-nøtter. renskar og skyller steikepanna for kjøtdeigen, saltdeigen. smør. kylling skal steikast i godt smør. pittelitt olivenolje. no skal eg steika og eta. på side 46 står det eit dikt som heiter Efter katastrofen 1.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home