30 juni 2008

det er på tide å skriva om ein draum

Eg har lenge hatt ein draum om å spela inn eit akustisk album med kvartett: tenorsax, piano, kontrabass, trommer. Tanken - idéen - draumen har i mange år inspirert meg. Kanskje heilt sidan starten på det frilansliv eg har levd sidan 1985. Eg reknar meg sjølv som autodidakt, med lærerike timar hjå dei norske saksofonistane Olav Dale, Knut Riisnes og Jon Pål Indreberg. I modningsåra jobba eg mykje med nord-amerikansk jazztradisjon, både i mindre ensemble og i storband. Tidleg søkte eg ut av jazz-råmene som eg følte var strenge fastlåste mønster, særleg når det gjald form, men også innhald. Det var eit heilt nytt landskap som dukka opp når eg forstod at det var muleg å sprenga desse råmene, først gjennom arbeidet med fri-impro duoen Isglem og når eg oppdaga norsk folkemusikk og starta samarbeidet med ein av våre største nolevande hardingfelespelemenn. Improvisasjon kobla til dei norske kjeldene var muleg, og veldig frigjerande. Det å dukka ned i tradisjonane frå mitt eige land, forska i dei klangane, mine eigne røter, var begynninga på noko stort for meg.

Det norske jazzmiljøet er langt meir konservativt fokusert enn særleg omverda latar til å tru. Det eg – og fleire med meg har fått til og skapt – som pionerar, har på mange måtar vorte skapt på trass av, og ikkje på grunn av rådande straumningar i norsk jazz. Mange aksepterar ikkje jazzmusikk der melodi, improvisasjon, form, er bygd på andre røter, andre tradisjonar enn dei nord-amerikanske. Ein norsk jazz-kanon publisert i 2007 av ein jury med godt vaksne menn, synleggjer kor lang tid det tek før ein får aksept for å utvikla og skapa ny musikk, nye uttrykk bygd på tidlegare generasjonars lyd. Men fleire norske musikarar har lenge vore i forkant av utviklinga, klart å skapa nye innfallsvinklar til improvisasjon: banebrytande ny lyd. Og kva namn ein idag set på musikken ein skapar er mindre viktig, sjølv om ein utvilsamt gjer det vanskelegare for seg sjølv i forhold til eit publikum. Det er eingong slik at mange helst vil ha kategorisert musikken før dei lyttar.

Min draum om å spela inn eit akustisk album har modnast fram gjennom spelinga, komponeringa, CD-utgjevingane. Først og fremst har eg med den innspelinga eg i haust skal gjera, eit ønske om å høyrleggjera for meg sjølv at den musikken eg har skapt, fungerar i det formatet som kanskje mest av alt er knytt til jazzen i historisk perspektiv: kvartetten.

Mitt viktigaste parameter i alle desse år som musikar og komponist, har vore og er: klang. Eg har i all hovudsak ein klangleg innfallsvinkel til å spela, skapa, improvisera. Det står også sentralt i innspelinga av albumet som skal spelast inn i Gøteborg i september 2008 saman med Eple trio.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

eg gler meg til å høyra....

helsing draumefan ;)

1:09 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home