08 oktober 2014

månefar

 
måne

lysmørke framandkars ande
sjåande nattevakts steg

undrande oppdagars auge
lysande ven 
 
alt du ser

det spørjande himmelroms kvite
ein opnande sirkel 
 
i natt

måne

kast lys mot min tanke
set far i mitt sinn
ei lett siselering i huda -

før me forsvinn 
før me forsvinn 
 
 
 
frå mi poesisamling "Stilla er ein åker" Samlaget 2006