23 juli 2013

kjensla av

kjensla av å ha lykkast med noko etter å ha utfordra seg sjølv er eineståande god. torsdag ettermiddag i  molde hadde eg det godt med meg sjølv. rusla rundt åleine rusa på den opplevinga det hadde vore å spelt - skapt - improvisert fram der og då. Både småmonster-konsertar og øvinga med eit nytt band gav meg masse inspirasjon og energi. eg våga og eg lykkast. sjølvsagt kostar det - men det skal det. det er slik ein kjem vidare. og no skal eg vidare...er vidare. det er godt godt godt er det.

17 juli 2013

molde2013

moldemandag
det er spennande. spennande å vera jazzmusikar. kjenna på å kasta seg ut på djupt vatn. eg var på moldefestivalen elleve år på rad frå 1981 til 1992. så nokre ganger til på 90-talet før det gjekk minst ti år og året 2008 stod eg på scena m. world-jazz bandet mitt. iår er eg her igjen. eg er for veteran å rekna sjølv om eg ikkje når opp mot roald helgheim som har vore her kvart år sidan 1979 eller mr.schultze som fortalde at han var her i 1973 og tilbake iår etter 40 år. no er også han del av jazz expo norway. altså invitert på statlege pengar. til liks med meg. og eg skal også spela. spela først og fremst. barnaZmoldejazz
moldetirsdag
retroperspektivt stod eg opp, åt frukost og sette meg på ein buss som tok meg og fleire med ut i havgapet langs deler av atlanterhavsvegen. borda så eit vikingskip (kopi) der bukkehornet måtte spelast på. avgangsong. etter ein liten båttur fekk eg på øya høyra eit inspirerande foredrag av professor aksdal. om jazzlinja i trondheim. INI og GRTM. interessant å høyra om innstuderingsmetodar som eg har praktisert i tjue år. ein må stola på øyra - først og fremst. syng først. spel så. lær musikken, tonane oralt. via øyra. via stemma.
moldemorgon tredje dag
idag skal det spelast. slik. eg tek ein stor risk men det må til. fem språk skal snakka saman for første gang. General Real Time Music. for tsax, bukkehorn, stemme, piano, bass, trommer, perkusjon. eg gler meg mest og samstundes er det med ei blanding av skrekk og spenning. som om eg aldri lærer. har lært. etter å ha spelt så lenge. det handlar kanskje mest om ei indre "redsle" for å utfordra seg sjølv. igjen og igjen. dette blir ein spennande dag.

04 juli 2013

juliregn

regnet held fram i juli. idag las eg tre av mine regndikt ved opninga av førdekonferansen. igår kveld traff eg torsheimen i døra på sunnfjord hotell. det har eg gjort sidan 80-talet ein gong og det er ein ufatteleg energi i den mannen. nærmar seg 75 år no men like vital i praten og blikket. jobbar og jobbar og jobbar. heile tid tegnar og skriv han og arbeida står som ein påle. for ein produksjon! men det eg eigentleg ville seia var at det var hans tegning "regnmakaren" som inspirerte meg til å finna dei tre regndikta og binda dei saman med bukkehorn- og tenorsax-spel. det heng i baren det. dette hotellet er fullt av bilda hans. verdt eit besøk berre dei (spa finst så mange andre stader). det regnar. dryp og kvitskodda ligg nedetter fjella. juli seiest det. eg skal snart sørover men eg veit ikkje om det er så mykje annsleis på sørlandet. og eg vil berre ha sagt at eg ikkje klagar på været. vi får antageleg som fortjent.