21 oktober 2012

fyk forbi



det som fyk forbi eller passerer i litt lengre glimt den dagen ein legg ut på ei ny spelferd. om den skal vora kort eller lenge betyr ikkje noko. ein konstaterer tidleg at byen ein er busett i er liten. ein veit det men tenkjer lite over det til dagleg. fortrenger at det er ein bitteliten by mot nord som knapt kan kallast storby men ein innbiller seg at den er stor. og det å ta T-banen til jernbanestasjonen førekjem meg å vera kjekkare enn å bestilla ein taxi og setta seg inn der. ein møter verda på ein annan måte der ein trillar kofferten sin på asfalt, baksar den ned trappene til plattformen, trillar inn i vogna og set seg til. ei kort stund blant morgonfjesa. alle som skal noko meg inkludert. vi skal jo noko. vi er på veg. nokre gonger treff eg flytoget perfekt - går langt fram set meg inn i setet og vogna rullar ut frå plattformen i samme minutt. rett ut på flyplassen, gjennom alle denne sine rutinar som vi no alle er så kjente med - som den største sjølvfølge står vi i dei ulike køane og gjer det vi får beskjed om eller det vi alltid har gjort liksom.vi kjem oss ombord i stålfuglen og klatrar mot himlar like etter. og berre få dagar er ein attende på flytoget motsatt veg etter å ha spelt tre konsertar tre kveldar på rad. Lübeck, Marburg, Reitze. Ikveld Asker.