12 april 2012

ettertanke, samling

igår las eg nokre av dei første blogginnlegga mine frå august 2005 og utover hausten då. det var "fasinerande" lesnad. vekte mange minner den skrifta. først av alt minte den meg på at tida går (som om det er noko eg ikkje tenkjer på). Som spor  - tingingsverket til Vossa Jazz 2012 var ei stor utladning. ei lang arbeidsøkt, med alt det innebér, som vart fullbyrda, og samstundes starten på noko nytt. det er som regel slik med meg og mitt arbeid. eg ser meir framover enn attende. kanskje fordi eg opplever musikken som så abstrakt. så her og no. der og då på ei scene. formidlande. kommuniserande. det er ei fantastisk kjensle når ein kjenner at det ein har skapt, skapar når ut til andre. og at ein saman med andre lydskaparar får det ut over scenekanten. takksam. takksam for å vera ein priviligert kunstnar som klarar å skapa noko. no er det samling og ettertanke. staka ut ny kurs. la minna vera der dei er. vera det. minner. slik går ein vidare. kjem vidare.