08 oktober 2011

Spelferd i nord: Hemnes

Vi flaug frå stokkmarknes til bodø og fekk der ein 9-seters bil som kontrabass gjekk fint inni saman med resten av stæshet og eit par litt urvne karar, urvne etter gårkveldens retro-bar opphald sjølvsagt. det er nokså behageleg å reisa med kvartett og med eit band som leiger inn eller der arrangør skaffar trommesett. at vi ikkje dreg på hundre kollikilo og må ha stor bil og alt det der. det er lettvint, men sjølvsagt ikkje lett likevel. det er arbeid. fire timar seinare kom vi til mo i rana. her ser det jammen med ut i måneskin. eit studie verdt for byplanleggarar og arkitektar. hjelpe meg. ikkje rart det ikkje var eit menneske å sjå i betong og asfalthelvete. dei vågar seg vel ikkje ut? her på meyergården hotell har det også skjedd endringar sidan sist. ny resepsjon blant anna. ellers er det med det gamle. eg åt biff. eg gjekk tur. og no er det snart avgang til hemnesberget, hemnes jazzklubb. kryssar fingrane for opptur publikumsmessig. skal blåsa ut!

Hågen på hemnes. der spelte vi. det kom litt folk men ikkje i store flokkar. god stemning og litt cd-salg. har drassa på ein kasse full men omsetningen har ikkje vore av det store. ikkje som i tyskland for å seia det slik. etter konsert bar det tilbake til mo i rana der vi fekk eit innblikk i nattelivet. no var det meir folk ute eller rettare sagt inne. dei drakk og drakk og skråla fulle rundt i rommet. slik er det vel rundt omkring i noregs land på ein laurdagskveld. eg fekk både vin og fernet branca før eg stavra meg opp i etasjene og havna rett veg i senga. nord norge spelferda var over.

07 oktober 2011

Spelferd i nord: Sortland / Nyksund

Vi skal spela i nyksund ikveld. det blir stas. der trur eg eg har budd saman med isungset på rikskonsertturne for mange, ja det er mange år sidan. flyturen frå bodø idag gjekk hompande fint og sigurd klarte brasene bra, sittande i setet ved sidan av meg og hoppa. flyskrekk er ikkje moro, men ein må jo berre gå på mot det! når ein er musikar. litt langt å køyra bodø-sortland. eller oslo-tromsø. det blir betre og betre seier han og vi får håpa det er sant. eg ser med vørnad på, ovundrar folk som bur her i nord. i flybussen på veg frå storkmarknes til sortland tenkte eg på det medan regnet datt, vinden blæs og skodda låg langs vesterålen. vegane fulle av lauv og vatn. å bu her nord krev kraft. ei anna kraft. den krafta skapar flotte folk. det går mot nok ein vinter. dei klorar seg fast. husa langs havet vitnar om at dei ikkje gjev seg. ikkje alt og alle er velstelt og strigla som der sør men kom fan ikkje her med fjaset ditt! vi bur her og klarar oss. vi skal halda fram med å bu her og klara oss, er det som om husa seier. det er som om spelferda først kom igang idag. og kanskje kjem det endeleg litt fleire folk - ikveld? vi skal eta på ekspedisjonen om nokre timar, så køyra til nyksund. eg har høyrt at ekspedisjonen er ein restaurant med god mat og fått tilrådd grilla tørrfisk. noko eg ser svært fram til.

Det vart pochert kveite. Den smakte svært godt, saman med eit glas chianti. ekspedisjonen låg i eit gammalt havnelager rett på kaia. utanfor bølga havet kvitt og det regna og blæs. som om hausten kom for alvor denne ettermiddagen. det mørkna heilt medan me køyrde ut til nyksund. ein times biltur. det regna vilt og det siste stykke var på ein hompete holete grusveg. nyksund konsertarena er ei restaurert sjøbu opna i 2009. ein nydeleg men upolert stad i havgapet. eg hadde vore innom der før. det vart sagt at nyksund har yrande liv om sommaren, men no hadde dei som dreiv staden pakka saman og drege andre stader. tydelegvis. sortland jazzklubb leigde lokalet. den gode lydmann arild hadde rigga klart og lydprøven gjekk fort. eit fint rom å spela i. det kom ikkje mange. vi spelte godt. likevel godt å vera i musikken. spela den der ute i havgapet. bilturen heim med måneskin over hav og fjell. ikkje regn lenger. nokre glas vin i retro bar på hotellet og i seng i nord på tredje spelferdnatt. på sortland hotell hadde dei fått både saaby-kafé og hamsun-kjellar sidan sist men framleis er ikkje heile byen blå. virkar klattete og rotete og ustrukturert. men som ein plass der det er pågangsmot og liv og er ein stad, ein by, der folk vil og skal bu. eg leikte igjen med tanken på å flytta til nord norge for seks månader - prøva det.

06 oktober 2011

Spelferd i nord: Bodø

Eg kom meg forholdsvis tidleg opp til god frukost, og er stadig like forundra over at det er muleg å spreia sine eigendeler ut over eit hotellrom på så kort tid i forhold til det ein opphalder seg på dette hotellrommet i løpet av det døgnet ein vitjar det på si spelferd. (puh). det tek alltid tid å pakka seg saman. i forhold til to andre i bandet kom eg godt ut av det. pianisten forsov seg og bassisten klarte å setta att kofferten sin i hotellresepsjonen så han måtte tur/retur hotellet før han fekk sjekka inn. turen går til bodø, gjekk til bodø. her får den legendariske klubben, må eg nok seia, SINUS, vitjing av kvartetten. eg gler meg til å spela der. har gode fine minner frå bodø og håpar det kjem mykje folk ikveld som kan løfta oss. det er eit rikt musikktilbod her nord. mange konsertar. igår konkurrerte vi med rockehøyem, og idag er det fleire konsertar her - om enn ikkje jazz. i bakken utanfor hotellet idag traff eg sjølvaste bernhoft som også er på spelferd her. ein usedvanleg talentfull musikant som endeleg ser ut til å nå eit større publikum, i motsetnad til meg. (han spelar bass på mitt album nye nord frå 2003). jarle skulle til glomfjord tur-retur ikveld. eg skal tur-retur hotellet-sinus. om litt.

Sinus er ei fin scene. ein kan kjenna at det har stått og site mange musikarar på den. at mykje lyd har blitt skapt der. vi skapte ny lyd - som no er gammal. som svevar ein stad eg ikkje veit? kanskje mest inne i dei som var og lytta. dei var ikkje så mange, men dei var gode. lyttarar. kor annsleis hadde konserten vore om det var fullt? det kan ein lura på - som musikar. i musikar-rommet eller det som på utanlandsk heiter backstage eller green room, som eg ikkje kan forstå kvifor vi ikkje har eit godt norskt ord på, er det ei særskilt atmosfære også. gamle møblar, lys og lampettar, eit stereoanlegg med platespelar, eit orgel, nokre bord, kjøleskap med øl og vatn og vin mellom røffe betongveggar med ulike fargesjatteringar i grått og oker. der vart me sittande litt etterpå og eg tok opp ein video (det heiter det enno! ?) av hr. ulvo som eg kanskje kan få redigert ferdig - som intro til konsertopptak som me gjer på spelferda også. har dvd-kameraet med. Vi avslutta med bach spelt av pianisten lupatti. ikkje det verste eg har høyrt og perfekt å siga inn i drøymeland til.

05 oktober 2011

Spelferd i nord: Tromsø

KLIKK PÅ BILDET OG DET BLIR STØRRE - LESELEG!

Etter vellukka Jazz&poesi kveld på litteraturhuset i oslo igår der undertegna med eple trio og poetane synne lea og cornelius jakhelln stod på scenen og traff impro-planken så det song (bokstaveleg tala), gjekk turen nordover. her ved bryggekanten i tromsø før lydprøve ein onsdagskveld. er igang med spelferd som varar til søndag og gledar meg til å reisa rundt her i nord - igjen. gledar meg til å vitja jazzklubbane som det er svært lenge sidan eg har spelt på. det skal også bli særdeles kjekt å framføra songane frå norskjazz no innspelinga. finslipe og justere og skapa gode klangrom blant melodiøst stoff og suverene medspelarar. det handlar om å setta fokus. som kjent. no må og skal det førebuast....

Konserten gjekk godt. veldig kjekt å spela med desse fantastiske musikarane! herlegt lyttande publikum men det skulle gjerne ha vore fleire. følte at me fekk musikken ut over scenekanten og skapte noko fint, og fekk svært god respons frå dei som var der. etter konserten vart det ein liten tur ut i tromsø-kvelden for vin og seinare (god) kebab! stupte i seng klokka eitt.