31 oktober 2005

hengande hagar og kultur

tenkjer eg på i ettermiddag
dei assosiasjonane som desse orda gjev - i meg
den siste dagen i oktober
trygt heime etter ei lang reise frå newcastle igår. SAS hadde ikkje dagen sin. eg var i seng 01.15. brukt dagen på å komma heim, pakka opp og sortera dei store mengdane med world music cd´ar og info som eg draksa med meg i kofferten. gjorde den like tung som når eg drog. over tjuefem kilo. så las eg e-post. las og las. skreiv og skreiv. det vart naudsynt å letta ei anna bør, ta avgjerda om at eit videre samarbeid med provokatøren og småbrukaren ikkje er mogeleg. eg har ikkje krefter og tid til å fylla tankane, dagane med gamle tal og i mine auge svært ukurant og respektlaus behandling av andre folk. eg ana at noko var i gjære i mars april iår. mitt reknskap er ikkje uoppgjort. eg må medgi at det er litt ilt. det blir ikkje lett å selga huset med dei hengande hagar kring - men det kjennes ut som eg skal nettopp det. snart. eg har lenge tenkt at eg har for mykje. av alt. særleg gamle hus. det gjer saken lettare. kvitta seg med ting. skrella av. setja fokus. igjen og igjen. på ny inn i noko nytt. då må ein forlata det som var noko anna. ei anna tid. allereie eit anna kapittel. i det avgjerda er teken.

27 oktober 2005

på eit tog i england

skriv eg dette
trur eg nærmar meg York, på veg frå london til newcastle
til world music export fair der konsertar og heftig møteverksemd ventar
som regel skjer det lite konkret i forhold til kjøp salg avtaler på sjølve messa
både forarbeid og etterarbeid er avgjerande for om ein kan få noko vetigt ut av det
har eit bra utgangspunkt iår og NORCD stiller sterkt
grøne flate marker sviv forbi
det er ein svært vakker haustdag og veldig varmt og godt
sommaren har ikkje slept taket eller det er etterluftstraumar frå
monsunar i nordamerika. kan godt vera det
snart må det etast litt, det må det som regel før eller seinare
på veg på veg

26 oktober 2005

pulserande london

er ein pulserande by london
trøkk, energi, folk held på på alle vis
la seg riva med og følga strømmen for to intense dagar
før turen går til den like intense womex-messe (world music export)
den foregår i newcastle iår og eg tek toget dit imorgon
at nopa (norsk forening for komponister og tekstforfattere) har ein svært
fin leiligheit i eit svært fint strøk er rett og slett gull verdt
for oss som stadig må til london mest på grunn av jobb og litt
på grunn av det motsatte (det rommar mykje :-)
er det suverent å ha ein plass som er "vår" i denne byen der eg
etterkvart begynnar å bli kjent
fint å vera her - og godt å kunne reisa her ifrå
når den tid kjem
den kjem som oftast litt for fort

24 oktober 2005

telefonscene ein dag i oktober

Hallo, god dag, er det seglem
Ja du snakkar med karl seglem ja
Ja, det er fra Programbladet
Ja hei hei
Du skal jo være ukens artist i uke førtifem, det har du sikkert hørt om
Ja eg har no det
Ja, det er jo en reprise fra mars totusenogfire, men vi hadde ikke noe informasjon om deg sist så
Nei vel, eg har ei heimeside der de kan gå inn og klippe og lime litt om de treng......
Ja det har du nok det. Kan jeg få stille to spørsmål?
Ja
Hvor gammel er du seglem?
Eg er født i nittensektisein eg
Nittensekstiein ja, da er du trettini, førti, førtifire år da seglem
Ja eg er nok det
Hva driver du med sånn ellers da, står du i platebutikk eller spiller du eller?
Eg har levd av å spela sidan nittenåttifem eg ja, så ein kan vel seia at eg spelar ja
Javel ja du har det ja. Ja det var det – nå vet jo lytterne hvor gammel du er iallfall, ha det bra ja

21 oktober 2005

denne helga skal det larmast

i oslo
samarbeid er ikkje det første ordet som renn meg i hug når eg tenkjer på norsk musikkbransje med alle sine segmenterte miljø. me har ein ufatteleg sterk evne til å halda på med vårt her i landet. på kvar vår måte. med eitkvart som like fullt har innverknad på andre. på godt og på ilt.
det skal spelast folkemusikk må vita. den norske folkemusikken har ein lang veg å gå før den kan bli akseptert som ei kunstnarleg uttrykksform å ta på alvor. dessverre. om ein av måtane å gjera det på, er å etter-apa dei store (og rike) musikkmessene i utlandet sine metodar, måtar, blir spennande å sjå. når vårt veslevesle heimlege og svært gjennomsiktelege folkemusikkmiljø heller ikkje samarbeidar om larmen virkar opplegget rett og slett noko korrupt. nokon har snakka saman. nokon har ikkje snakka saman.
showcase kallast det i utlandet - og ingen har brydd seg med å finna eit meir dekkande norsk namn i larmen eller stilla mellom oss
å visa fram eit tilfelle? ei sak? ein musikk?
for kven spelar me?
det må me stadig spørja oss - me musikarar

20 oktober 2005

morosam skrift seiest det

http://www.viva.de/musik.php?op=cd-jazz&what=show&Artikel_ID=61419

og det å legga ut alle CD-kritikkane som kjem er ein for stor jobb sjølv om eg statistisk sett gjerne skulle ha gjort det.
Linkar til kritikkar er dette ein freistnad på. men det er usikkert kor lenge desse linkane eller sidene vert liggande på nett før dei blir borte. ein må antageleg markera linken/adressa, kopiera, klippa ut også her inne på loggen bloggen for å lima den inn igjen i nettlesaren din for å få sett kvar du havnar. vonaleg går det. du havnar på ei side der det står kritikk av reik.

18 oktober 2005

og tysk skrift kjem og kjem

denne får plass her ikveld :-)

Neben Garbarek und Molvaer
Norwegen scheint gar nicht so dicht mit avantgardistischen Jazzmusikern bevölkert zu sein. Zwei (Garbarek und Molvaer) kennen wir, Tenor- Saxofonist Karl Seglem stößt nun dazu. Er findet mit diesem Album seinen Platz zwischen Garbarek und Molvaer. Charakterisierend müsste man über Karl Seglem sagen, dass er schwermütig jazzt, fusionistisch und technoide Klangbilder entwirft wobei das alles sehr zerbrechlich und zum Umsturz bereit kredenzt wird.
Man benötigt zwar einige Nerven bis man zu Karl Seglem findet, schliesslich benötigt er Zeit um mit seinen Patchworks zum wichtigen zu kommen. Letztendlich stimmt dann jeder Ton, jede Pause und jeder Ruhepuls. Eigentlich findet er mit diesem Album seinen Platz neben Garbarek und Molvaer, nicht dazwischen. (RED)

http://www.musicoutlook.de/index.php?id=56&backPID=56&tt_news=2002

16 oktober 2005

ei veke av

ei veke på
godt å kobla ut litt
ein annan rytme må setja seg i kroppen
la det ta tid
trollvann idag
lunta langs ein grusveg i haustsol
sitja ved eit vatn og kjenna sola varma
i den norske haustskarpe lufta
sjå jentene ligga på ei brygge og kika etter abbor
eller liknande
slik kjem ein kanskje videre
inn i noko nytt
att

10 oktober 2005

takk og takk, vielen danke

to all audiences we had on our Tour in Germany and Austria 2005:

Kloster Dalheim, Einbeck-Sûlbeck. Platenlaase, Lübeck, Berlin, Vienna, Munchen and Passau.

It was great to play for you - and hopefully we´ll meet again in November 2006.
I will also like to thank Dagobert Böhm and Jens Petter Müller for helping us so much with the organizing.
Takk -

06 oktober 2005

fly ikkje fly

so
what to say
five gigs in germany - fantastic audience.
thank you -

this morning - at the moment we missed our flight to austria - vienna
strange feeling
turnepåturne